Stageway

Odd Nordstoga

  • Manager Sigve Prestnes (e-post)
  • Label Universal Music / Viktoria Eriksen (e-post)
  • Booking Ida Vaage Svee (e-post)
  • Presse HES / Erle Strøm (e-post)
  • 02 Apr Odd Nordstoga @ Norges Varemesse (billetter)
  • 12 Jun Odd Nordstoga @ Ivar Aasen-tunet (billetter)
  • 18 Jun Odd Nordstoga @ Grefsenkollen Restaurant (billetter)
  • 20 Jun Odd Nordstoga @ Rondaståk (billetter)
  • 25 Jun Odd Nordstoga @ Litteraturhuset Fredrikstad (billetter)
  • 26 Jun Odd Nordstoga @ Fjordfolk (billetter)
  • 28 Jun Odd Nordstoga @ Kalvild Gaard (billetter)
  • 04 Jul Odd Nordstoga @ Bygdalarm (billetter)
  • 16 Jul Odd Nordstoga @ Wrightegaarden restaurant (billetter)
  • 17 Jul Odd Nordstoga @ Tydalsfestivalen (billetter)
  • 18 Jul Odd Nordstoga @ Kulturlåven (billetter)
  • 23 Jul Odd Nordstoga @ Canal Street (billetter)
  • 07 Aug Odd Nordstoga @ Käsmu (billetter)
  • 08 Aug Odd Nordstoga @ Trøndelag Folk Museum (billetter)
  • 13 Aug Odd Nordstoga @ Vinje church (billetter)
  • 14 Aug Odd Nordstoga @ Sauda Kulturhus (billetter)
  • 16 Aug Odd Nordstoga @ Parken kulturhus (billetter)
  • 17 Aug Odd Nordstoga @ Sunndal Culture & cinema (billetter)
  • 18 Aug Odd Nordstoga @ Lom Kulturhus (billetter)
  • 19 Aug Odd Nordstoga @ Fagernes kulturhus (billetter)
  • 20 Aug Odd Nordstoga @ Verket Scene (billetter)
  • 21 Aug Odd Nordstoga @ Asker kulturhus (billetter)
  • 27 Aug Odd Nordstoga @ Culture Administration flame (billetter)
  • 29 Aug Odd Nordstoga @ Jordeplerock (billetter)
  • 03 Sep Odd Nordstoga @ Modum kulturhus (billetter)
  • 04 Sep Odd Nordstoga @ Lørenskog Hus (billetter)

Odd Nordstoga er fødd 10. desember 1972 og vaks opp på garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populærmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for så i nokre år å drive meir med folkemusikken gjennom gruppa Blåmann Blåmann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet ”Nivelkinn” som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate. I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» (Tekst: Ragnar Hovland) selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som ”Dagane” og ”Frøken Franzen” omtrent på same tid som serien ”Jul i Svingen” gjekk på NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same året spelte han også rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av ”Tryllefløyten” som turnerte heile Noreg og Sverige. I 2008 gav han ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet ”Pilegrim”. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata ”Strålande Jul” med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofè. Elias Blix-salma ”Upp gledjest alle” derfrå er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata ”November” kom året etter, med låtar som ”November” og ”No er tivoliet over” som dei mest kjende. I 2011 kom ”Bestevenn”, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok ”Vaffelhjarte” og tv-serien med same namn, der Odd også laga score-musikken. Songane ”Bestevenn” og ”Ein farfar i livet” herfrå står vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frå Nordstogas hand. ”Bestevenn” vart feira med to utselde hus i Operaen i Oslo og ein TV-konsert på NRK. Men noko Noregsturné vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frå starten av på neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, Ingebjørg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata ”Heimafrå” for så å reise på turne i små grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar på tre kvart år blei det, og det heile avslutta med to utselde konsertar i Den Norske Opera. I 2015 kom ”Dette landet”. Eit album spelt inn i Atlantis Studio i Stockholm med brødrene David og Ivar Vogt som produsentar. Plata fekk spelemannspris for beste tekstar det året. Tekstane var skreve av Odd sjølv, men med tre bidrag av Stein Versto. Plata førde til omfattande turnering, og låtar som ”Dette landet”, ”Diesel og Bensin” og ”Kunsten å gå” har alle slege seg opp som store livefavorittar. Siste turné-runden for plata vart avslutta i heimbygda Vinje seinhausten 2016. I februar 2017 gjekk Odd i studio att med sitt faste band dei siste åra: Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass, David Walumrød på tangentar og Øyvind Blomstrøm. Denne gongen gjekk turen til AmperTone i Oslo med Bård Ingebrigtsen som teknikar og coprodusent. Albumet viste seg å bli eit dobbeltalbum og fekk namnet ”Kløyvd”. Same år vart Nordstoga spurt om å halde julekonsert i NRK-programmet ”Kvelden før kvelden”. Denne konserten vart innleienga på eit samarbeid med Det Norske Kammerorkester, som i 2018 kom med plata ”Jul”. Odd og Kammerorkesteret hadde både dette, og året etter store juleturnear. 2019 var også året då Nordstoga blei med 6 andre artistar og laga den niande sesongen av ”Hver gang vi møtes” . Sesongen gjekk på TV2 vinteren 2020, medan Odd sjølv la ut på ein 32 konsertar lang soloturné. I løpet av året kjem det eit nytt soloalbum. Som mange gonger før er det Kåre Vestrheim som har produsentansvaret. Vestrheim har med dette produsert fem album med Nordstoga, og studioet han driv i lag med Mike Hartung, Propeller music division, er staden der flest Nordstoga-låtar har blitt spelt inn og miksa. Odd Nordstoga har hausta ein heil del med prisar for sitt musikktalent, mellom anna kan nemnast 6 spelemannsprisar inklusive Årets Spellemann for 2004. Men han har også fått mange prisar for sitt språk. Mellom anna Storegutprisen, og Nynorsk kultursentrums høgthengande pris Årets Nynorskbrukar.